Bakgrunn
HistorikkFrå USA til Noreg
Hensikta med å prøva ut juniorforskarprosjektet i ein norsk kontekst er ein felles visjon hjå kommunane og forskarane om å stimulera ungdom sitt engasjement, deltaking og nysgjerrigheit. Dette kan gje ei større oppleving av å blir høyrt som ung, og gje meir meining og motivasjon for læring.
Årlege elevundersøkingar, UngData frå 2016/2017 og LP kartlegginga frå 2016 (læringsmiljø og pedagogisk analyse) er alle kjelder til informasjon om korleis barn og unge opplever kvardagen sin. I desse undersøkingane er det spørsmål om skuletrivsel, mobbing, psykisk helse, nærmiljø, levevanar med meir. Undersøkingane viser at ungdom i Hardanger, Voss og Samnanger har dei same utfordringane som andre stader. Om me går lenger inn i tala er det sjølvsagt lokale variasjonar, men i det store biletet er mykje likt.
I tillegg til desse undersøkingane har det i Kvam vore ein eigen idédugnad kring søknad om opptak som programkommune i høve nasjonalt folkehelseprogram. Fleire frå ungdomsrådet, samt ulike tenester i kommunen, bidrog med innspel til søknaden. Bodskapen frå møtet er hjelp til «å letta på presset». Kva press snakkar me om? Kva skal til for å letta på presset? Det er mange faktorar som bidreg til det presset som ungdom snakkar om og det er følgjeleg mange tiltak som kan bidra til å letta på presset. For å setja i gang tiltak med best mogleg effekt må ungdommane i større grad enn før inkluderast i alle fasar av arbeidet. Det er ungdom som har skoen på og som kjenner sin kvardag best.
Forsking som bygger på teorien om positiv ungdomsutvikling fokuserer på ungdom sine styrker, ressursar og moglegheiter for deltaking. Kunnskapsoppsummeringar av helsefremjande tiltak i skulen viser at det å involvera og aktivisera ungdom, ta deira stemme på alvor og gje dei medansvar er viktig for motivasjon, inkludering, trivsel og engasjement. Ikkje minst gjev lærarane positive tilbakemeldingar på kva dei unge får til gjennom aktiv deltaking– og den positive utviklinga dei ser.
Forskarar ved institutt for Hemil i Bergen (UiB) har gjennom samarbeid med andre forskingsmiljø i Portugal (Dream teens) og USA (Youth Participatory Action Research -YPAR) vorte kjent med dette prosjektet som me har vald å kalla Juniorforskar (Ozer, 2017). Forskingsleiar i prosjektet, Ingrid Holsen har vore fire veker i Berkeley for å besøka skular, observera YPAR i praksis og snakka med elevar og lærarar. Professor Emily Ozer er forskingsleiar for YPAR-prosjektet ved Berkeley. Holsen var òg med i startfasen av utviklinga av ei nettside ved Universitetet i Berkeley (www.yparhub.berkeley.edu). Utvikling og tilpassing av prosjektet er, i samråd med lærarar og elevar frå Vestland fylke, basert på erfaringar og innhald frå USA og Portugal. Døme på tema i tidligare juniorforskar-prosjekt er; redusera skulestress, fremja samarbeid mellom ulike kulturar, vurdering og evaluering av læringsmetodar og nettmobbing.