Bakgrunn
TeorigrunnlagJuniorforskarar i ungdomsskulen
Prosjektet “Juniorforskar” byggjer på ein etablert metode kalla “Youth Participatory Action Research” (YPAR). Målet er å bidra til positiv ungdomsutvikling og å gjera ungdom engasjert i å skapa endringar i eigne liv og i samfunnet gjennom medverknad. Prosjektet gjev elevane nokre verktøy, samt nyttige erfaringar som kan styrka (empower) deira syn på kva ungdommar kan få til. Dei kan få kjensla av at dei er ein viktig del av samfunnet, der det er dei sjølve som er ekspertar på eigne liv der deira stemme er viktig!
Positiv ungdomsutvikling
Denne teorien har eit fokus på ungdommar sine styrkar og dei positive kvalitetane ein ynskjer å fremja hjå ungdommar. Positiv ungdomsutvikling byggjer på teoriar som viser at dersom ungdom har eit gjensidig og fordelsaktig forhold til personane rundt seg, vil det fremja ei positiv utviklng. Innsatsen er retta mot å styrka ressursane til ungdommane.
Modellene “Dei 5 C’ane” er den teorien med mest empirisk støtte innanfor positiv ungdomsutvikling. Dei 5 C`ane tyder:
* Competence – akademiske, sosiale og kognitive ferdigheiter
* Caring – medkjensle, omtenksom
* Confidence – sjølvtillit, positivt sjølvbilete, sjølvrespekt
* Character – respekt og moral
* Connection – binde saman, positive og gjensidige relasjonar
Fremjing av desse eigenskapane kan også bidra til at ungdommar deltek meir og vert meir aktive. Ein elevsentrert og deltakande pedagogikk i skulen der ein byggjer på ungdommane sine ressursar kan styrka elevane si kjensle av meining, motivasjon og tilknyting til skulen
YPAR
“Youth-led Participatory Action Research” spring ut frå eit stort fagfelt som fokuserar på aktiv medverknad gjennom heile prosessen. Det gjeld deltaking av personar både innanfor forsking, utarbeiding av tiltak og i evaluering. Felles for dette fagfeltet er ei verdsetjing av meiningane til dei som faktisk opplever ulike saker og problem, der det å bli høyrd og teke på alvor kan opplevast som positivt for dei som er involvert. Det er også ei felles forståing av at samarbeid med personar i samfunnet vil føra til betre og meir treffsikre tiltak.
Demokrati og unge si rett til å bli høyrd i saker som angår dei er difor essesnsielt i YPAR. Dette er ikkje berre viktig i seg sjølv, men kan også bidra til positiv utvikling og kan skapa meir engasjement og motivasjon i skulekvardagen. Resultat og erfaringar frå slike prosjekt som har vorte gjort i USA viser at elevane utviklar ferdigheiter innan leiarskap og akademiske-, sosiale-, kritisk tenking-, mellommenneskelege- og kognitive ferdigheiter
Empowerment
Empowerment har sine røter i frigjeringsrørsler og blant undertrykte grupper, der empowerment handla om å utjamne maktfordelinga. Empowerment kan forståast som ein prosess som gjer folk i stand til å ta meir kontroll over eigne belutningar og handlingar som påverkar liva og helsa deira.
Empowerment handlar om å få i gang prosessar og aktivitetar som kan styrka folk si oppleving av sjølvkontroll, sjølvkjensle, kunnskap og ferdigheiter. I dag vert omgrepet kanskje mest omtala som styrking, brukarmedverknad eller myndiggjering.
I samanheng med Juniorforskarprosjektet handlar empowerment om å fremja ungdommane si stemme og å engasjera dei til å skapa endring på skulen og i lokalsamfunnet. For den enkelte kan empowerment visa seg gjennom auka motivasjon til å ta kontroll, betre evne til problemløysing og å ta avgjersler, kritisk forståing av sosiale og politiske forhold, samt meir deltakande åtferd.
Elevane vel tema frå eigne liv og skulekvardag som dei bryr seg om
Elevane er deltakande og aktive gjennom heile prosessen
Ein grip aktivt inn for å endra kunnskap og praksis for å betra liva og miljøet til elevane.
Prosjektet startar med at elevane saman kjem fram til eit tema dei ynskjer å undersøka. Ungdommane vert rettleia av vaksne støttespelarar i alle delane av prosessen. Elevane får innføring i ulike måtar å samla informasjon på og bestemmer sjølv korleis dei vil gjennomføra sitt prosjekt. Når informasjonen er samla inn skal den analysert og tolkast. Vidare er målet at ungdommane skal fremja sine saker og koma med forslag til løysingar. Korleis elevane ynskjer å legga fram forskinga si er opp til gruppa.