lærarressurs

Rolleforståing
mål

Ungdomsstyrt samarbeid

Lærarane har ei viktig rolle i dette prosjektet og skal fungera som støttespelar for elevane. Elevane har god nytte av hjelp frå lærar dersom dei står fast eller ikkje kjem seg vidare. Eit godt samarbeid mellom elevane og lærar har mykje å sei for at prosjektet skal verta vellukka. Det kan vera utfordrande for læraren å gje slepp på noko av kontrollen i klasserommet og å ta eit steg tilbake. Her finn du meir informasjon om kvifor dette er viktig og korleis det kan gjerast.

Kven skal ha styringa?
Det å dele makt kan vera utfordrande. Til vanleg er det ei makfordeling mellom lærar og elev. For læraren kan det vera skummelt å gje slepp på dette maktforholdet. Det betyr ikkje at det beste er å gje frå seg all makt/styring, då elevane har god nytte av rettleiing og råd. Det som er viktig er at læraren fungerar som igangsetjar og fasiliator, samt hjelper elevane med å strukturera prosessen utan å ta styring over innhaldet.
Elevane skal oppleva at prosjektet gjev dei høve til å uttrykka seg og at dei får jobba med eit prosjekt som er viktig for dei. Elevane vil truleg vera meir motivert når idèane kjem frå dei sjølve og det kan gjera at dei kjenner meir eigarskap til prosjektet. Dersom elevane får ta ansvar og kontroll der det lèt seg gjera vil dei truleg oppleva meistring i det å få ting til på eigehand.
Dersom du er redd for etiske utfordringar med elevane sitt val av tema kan du alltids visa tilbake til etikkaspektet i del ein av prosjektet. Her kan du få elevane til å reflektera kring dei ulike delane av utføringa og om dette er eit passande tema. Prøv å la dei koma fram til gode løysingar sjølve.

 

Legga eigne interesser til sides
Alle vil verta freista til å koma med forslag og leggja føringar for det ein sjølv synest er best eller mest nyttig. Me kan også ha tankar om kvar det er behov for innsats frå elevane for å betra forhold i lokalsamfunnet eller på skulen.
Læringsprosessen er like viktig som utfallet i dette prosjektet og det er difor viktig at elevane får velja tema som dei er interesserte i og motiverte for å undersøkja. Læraren kan kanskje oppleva at han/ho ynskjer at prosjektet skal føra til eit godt resultat for å stilla seg sjølv og klassen i eit godt lys. Faren med dette kan vera at ein legg for mykje føringar og begrensingar for prosjektet. Det er difor viktig at lærarar, andre kollegaer og skuleleiinga har forståing for læringsprosessane i prosjektet
Kva fungerar for din klasse?
Prosjektet legg til rette for stor grad av fleksibilitet med tanke på kva som passar best i din klasse. Du som lærar veit best korleis klassen fungerar når det kjem til gruppeinndeling og korleis å handtera utfordringar. Ulike måtar å fremja deltaking, samarbeid og god kommunikasjon bør tilpassast ut i frå det du har erfart at passar best for klassen. Du kan også nytta andre metodar som du har hatt god erfaring med tidlegare.
Ha ei positiv innstilling
Dine haldningar ovanfor elevane har innverknad på prosjektet. Du bør ha ei positiv innstilling og uttrykka at du har tillit og tru på at dette er oppgåver som dei får til. Det er viktig å ikkje vera negativ til elevane sine idéar eller måtar å gjere ting på.
Dersom du ser utfordringar med val av tema eller måten dei vel å utføre ting på kan det vera lurt å stilla opne spørsmål som får dei til å tenkje. Dette kan vera nyttig læring for elevane også.

Les meir om klasseleiing på Utdanningsdirekotatet sine nettsider: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/klasseledelse/#