Bakgrunn

Pilotskular

Utprøving av prosjektet

Før ein set i gang eit stort prosjekt er det vanleg å gjennomføre ein pilot. Dette har som hensikt å undersøke om prosjektet fungerar slik det skal og avdekke eventuelle manglar og svakheiter. 

Pilotskulane i Juniorforskarprosjektet er Samnanger ungdomsskule og Kvam ungdomsskule. Fyrste gjennomføring er planlagt hausten 2020. Det er 9. trinn på dei to skulane som deltek utviklingsarbeidet.

Samnanger ungdomsskule har ca. 80 elevar der 30 av desse går på 9. trinn i skuleåret 2020/2021. Kvam ungdomsskule har ca. 260 elevar der 76 av desse går på 9. trinn i skuleåret 2020/2021.

I arbeidet med å utvikle Juniorforskarprosjektet har kvar pilotskule delteke med ein lærar og to elevar i ei arbeidsgruppe som har hatt som hovudoppgåve å teste ut ulike øvingar, koma med innspel til korleis gjennomføre undervisninga, samt koma med innspel til utvikling av ei brukarvenleg nettside.

Hemil-senteret ved UiB har ansvar for prosessevaluering av prosjektet og føl heile prosessen frå planlegginga til gjennomføring.