Bakgrunn

Nasjonalt folkehelseprogram

Program for folkehelsearbeid 2017-2027

Juniorforskarprosjektet vart teke opp som eit 3-årig prosjekt i Program for folkehelsearbeid i kommunane. Prosjektet skal omfatta tiltaksutvikling i kommunane og det er krav om evaluering.

Program for folkehelsearbeid

Dette er ei tiårig satsing for å utvikla kommunane sitt arbeid med å fremja helse og livskvalitet blant barn og unge frå 0 til 24 år. Programmet skal særleg bidra til å integrera psykisk helse som del av det lokale folkehelsearbeidet og å fremja lokalt rusførebyggjande arbeid.

Vestland fylkeskommune

Våren 2018 vart Vestland fylkeskommune teke opp som programfylke, der Juniorforskar er eitt av åtte prosjekt som deltek i programmet. Vestland fylkeskommune legg opp til at fleire kommunar kan søkja seg inn i programmet frå 2020. 

Tiltak og evalueringsopplegg

På forebygging.no finn du meir informasjon om tiltak og evalueringsopplegg som er sette i gang i kommunar rundt omkring i landet som del av programsatsinga. Omtalen av dei ulike tiltaka gjev nyttig informasjon og inspirasjon til kommunar som møtar same type utfordringar.