del 3
Metodar for å samla dataMål
Verta kjend med ulike metodar for å samla informasjon
Her er målet å få litt erfaring med ulike metodar innan forsking og å forstå fordelar og ulemper med dei. Elevane skal innom ulike stasjonar for å verta betre kjend med dei tre metodane: spørjeundersøking, intervju og fotostemme. Når metodestasjonane er gjennomført skal elevane velja kva slags metode dei ynskjer å bruka i sitt forskingsprosjekt.
metodESTASJONANE
gjennomføring
Gjer klar stasjonane
I desse powepointane finn du informasjon om korleis stasjonane kan gjennomførast:
Del inn i grupper
Del klassen inn i 3 grupper. Om det passar slik kan arbeidsgruppene gå ilag.
Rullerande stasjonsarbeid
La elevane bruka 15 minuttar på kvar stasjon før dei går til neste.
Refleksjon og diskusjon
Etter gruppene har vore innom alle stasjonane skal elevane fylla ut Pluss og minus-skjemaet kvar for seg.
Reflekter i fellesskap:
- Kva metode likte de best? Dårligast?
- Kva slags informasjon kan dei ulike metodane bidra med?
- Kva fordelar er det med dei ulike metodane?
- Kva utstyr må ein ha for å gjennomføra dei?
- Kor mykje tid vil dei ta?
Val av forskingsmetode
Elevane går saman i arbeidsgruppene
Kva metode ynskjer dei å nytta? Del ut hjelpeark “Kva metode passar best?”
Be gruppene om å klargjera med lærar før endeleg avgjerdsle vert teke