del 2

Val av tema og forskingsspørsmål
Mål

Elevane skal finna ut kva dei ynskjer å forska på

No skal tema og retning for prosjektet avgjerast. Her er det viktig å leggja til rette for ein god prosess der alle deltek. Elevane skal i størst mogleg grad koma fram til tema og forskingsspørsmål sjølv, men lærar har her ein viktig rolle som støttespelar. Dersom elevane har vanskar med å koma med forslag til tema må lærar gjerne visa til resultat frå Ungdata, elevundersøkingar eller liknande for å hjelpa dei på veg.

gjennomføring
Velja tema

Fyrst skal ein og ein elev tenkja over kva tema dei ynskjer å forska på. Så går elevane saman i grupper og vert einige om eit par tema, for så å dele dei med klassen. Individuelt -> Gruppe -> Plenum (IGP)

Alle forslaga vert skrive opp på tavla og katigoriserte. T.d. fritid, skule, miljø, sosiale medier..

Stem på tema gjennom handsopprekking eller hemmeleg val.

Laga forskingsspørsmål

For å snevra inn temaet som er vald dannar klassen nokre forskingsspørsmål. Desse skal hjelpa elevane med å stake ut kursen for det vidare arbeidet.

Føl same framgangsmåte som ved val av tema, IGP-metoden, eller gå rett i grupper. Gruppene kjem med forslag til forskingsspørsmål, skriv desse på tavla. Kan nokre av spørsmåla slåast saman? Er det nokre som ikkje let seg gjennomføra med tanke på etikk, tid eller ressursar? Bli einige om 2-5 forskingsspørsmål som elevane kan velja mellom.

Danna arbeidsgrupper

Arbeidsgruppene vert danna utifrå kva forskingsspørsmål elevane ynskjer å jobba vidare med. Elevane stemmer over kva for forskingsspørsmål dei ynskjer å jobba vidare med, anten ved handsopprekning eller hemmeleg val. Elevane kan også skriva opp to alternativ slik at læraren kan setja saman gruppene. Anbefalt gruppestorleik er 3-4.