Del 1
Introduksjon til JuniorforskarprosjektetMål
Verta betre kjend med forsking og korleis det føregår.
I dette prosjektet er det elevane sjølv som bestemmer kva dei ynskjer å forske på og kva dei ynskjer å påverke. Ein jobbar saman for å undersøke eit tema og nyttar informasjonen ein samlar inn til å informera og koma med forslag til løysingar. Forskinga og ekspertisen kjem her frå personane saka faktisk omhandlar, framfor å koma frå dei vitskaplege, akademiske eller profesjonelle miljøa.
gjennomføring
Presentera prosjektet
- Gjennomgå planen for dei neste vekene
Praktisk øving - Ungdom si stemme
- Reflektere over i kva grad ungdom kjenner seg involvert og i kva grad dei engasjerar seg i sakar på ulike samfunnsnivå.
- Slik gjer du:
- Førebu øvinga Ungdom si stemme
- Ta med nummererte ark
Kven kan driva med forsking
- Reflektere over i kva ein assossierar med forsking og kven som driv med forsking. Ungdom kan også forske og det er ikkje noko som berre føregår i laboratoria.
Etikk og personvern
- Gå gjennom generelle etiske prinsipp i forsking og forstå bakgrunnen for desse.
Praktisk øving - Forskingsprosessen
- Forstå stega i forsking og reflektere over at dette er ein dynamisk prosess.
- Slik gjer du:
- Førebu øvinga Forskingsprosessen
- Skriv ut Forskingskort
- Eventuelt bruk Nummererte ark.