Bakgrunn
KjernekomponentarHovudinnhaldet i prosjektet
Ungdom si stemme
Ungdom sine meiningar er viktige. Samfunnet må på fleire områder verta flinkare til å inkludere ungdom si stemme når val og avgjerdsler skal takast.
Kritisk tenking
Kritisk tenking handlar om å stille spørsmål, vera i dialog, bringe inn nye perspektiv og å lausrive seg frå reproduksjon av fakta. Denne måten å jobbe på krev trening og kunnskap både hjå lærarar og elevar.
Utforska/forska
Å utforska ei problemstilling er ein måte å inkludera elevane som aktive deltakarar. Slik får dei ikkje berre ny kunnskap, men kan også utvikla ferdigheiter og haldningar som er naudsynte for å oppnå handlingskompetanse.
Medverknad
Medverknad inneber meir enn å få seia meininga si, det handlar om å få bruka eigen kunnskap og innsikt til å påverka. Medverknad betyr ikkje naudsynt at avgjerdsla vert slik ein ynskjer, men synspunkta skal synleggjerast og takast med i vurderingane.
Relasjonsbygging
Det å byggje relasjonar mellom lærar-elev og mellom elevane er ein faktor som kan vera viktig for å lukkast med eit slikt prosjekt. Ein kan nytte strategiar og øvingar som fremjar deltaking og tillit, samt fokusere på samarbeid og positiv kommunikasjon. Dømer på dette kan vera å blande grupper på tvers av ulikskap, sitje i sirkel og utføre nokre av dei føreslegne øvingane til prosjektet.