Juniorforskar

Implementering

Faktorar som har betydning for vellukka implementering

Det er ulike fasar i ein implementeringsprosess: førebuing, gjennomføring og evaluering. Forsking viser til faktorar som har stor betydning for å lukkast med implementering av tiltak i skulen. På denne sida vert eit samandrag av dei faktorane ein må sikre seg å etterstreba presentert, samt artikkelen som denne informasjonen er basert på.

førebuingar
Aktiv og støttande leiing

Programutviklarane og skuleleiinga har ei sentral rolle i å førebu skulen til innføring av tiltak og utviklingsarbeid, og deretter sikra gjennomføring av satsinga. Skuleeigar i kommunen har også ei sentral rolle som støttespelar for skulens leiing i alt endringsarbeid.

Skuleleiinga må sørga for at strukturar, organisasjonsmessige forhold og naudsynte ressursar er på plass. For å lukkast med arbeidet må ein ha fokus på kva som skal gjennomførast, men også på kven og korleis.

Lærarmedverknad og forankring

Lærarane må takast med på råd, kunna medverka og påverka i utviklingsarbeidet og korleis best å tilrettelegge for sjølve gjennomføringa. Tiltaket må vera relevant og motiverande for elevane.

Lærarane har ei viktig rolle. Dei må medverka og bidra i utviklingsarbeidet samt koma med råd til korleis best tilretteleggja for sjølve gjennomføringa.

Motivasjon, tilslutting og opplæring av lærarane som skal inngå i tiltaket er naudsynt, samt støtte fra skuleleiinga og prosjektgruppa undervegs i prosessen.

Elevmedverknad

Elevane har det mest sentrale rolla i prosjektet og må medverka og bidra i utviklingsarbeidet samt koma med råd til korleis best tilretteleggja for sjølve gjennomføringa. Tiltaket må vera relevant og motiverande for elevane.

Fordeling og prioritering av ressursar

Skuleleiinga har ansvar for prioritering av ressursar, her inngår også timeressursar. Prosjektet tilfører kvar pilotskule økonomisk støtte i utvikling- og gjennomføringsfasen.

Engasjera føresette

Foreldre må vera informert om prosjektet klassen skal setja i gang med og gjerne inviterast inn for å hjelpa/høyra elevane presentera det dei har jobba med. Det kan henda at enkelte foreldre har kunnskap som kan vera relevant for temaet elevane vel å fokusera på.

gjennomføring
Tiltakslojalitet

Samspel mellom fire faktorar er naudsynt for å lukkast med eit tiltak: kor ofte det skal gjennomførast, kvalitet på gjennomføringa, rett målgruppe og kva for kjernekomponentar som er heilt vesentlege i gjennomføringa..

Lokale tilpassingar

Nokre lokale tilpassingar er ikkje til å unngå, og kan vera naudsynt for å få ei best mogleg gjennomføring. Dette vil diskuterast og tilretteleggast i eit samarbeid mellom prosjektleiinga og skulen.

Evaluering

Kunnskap om tiltaket

Ein må veta noko om kva og korleis eit tiltak er gjennomført og kva ein kan sjå at ein har oppnådd med tiltaket.  Skulen kan etablera rutiner for intern evaluering, til dømes notera kva som vert gjort.

I denne piloten der ein testar ut tiltaket i klassane vil prosjektleinga/forskarane følgja prosessen i skulen/klassen for å sjå nærmare på kva som skjer, korleis, og kven som er involvert. Dei vil også undersøka kva programmet har oppnådd gjennom spørreskjema til elevar før og etter tiltaket setjast i gang, samt intervjua involverte lærarar og elevar.