Forskingsmetodar

Spørjeundersøking

Ein metode for å få rask tilbakemelding og oversikt over eit tema

Spørjeundersøkingar er ein mykje brukt forskingsmetode og er nyttig for å få eit stort antall svar – raskt. Denne metoden fangar det «store biletet» relativt raskt, men går ikkje noko særleg i dybden.

  gjennomføring
Etikk
  • Er spørjeundersøkinga anonym? Opplys om dette i innleiinga
  • Kva skal undersøkinga nyttast til? Opplys om dette i innleiinga
  • Set deg inn i situasjonen til den som skal svara på undersøkinga:
    • er det spørsmål som bør endrast eller takast vekk? kvifor – kvifor ikkje?
Førebuingar

Nyttig spørsmål å stilla seg før gjennomføring av undersøkinga

 

  • Kven skal svara på spørjeundersøkinga?
  • Er det behov for samtykke?
  • Kortid skal brukarane svara på undersøkinga?
  • Krev undersøkinga tilgang til PC/mobil eller skal den gjennomførast på papir?
  • Kor mange skal vera med i undersøkinga?
  • Korleis vil du koma i kontakt med målgruppa?
Utforming av spørjeskjemaet

Formulering av gode spørsmål krev nøyaktig og godt arbeid

  • Start gjerne undersøkinga med nokre enkle spørsmål (kjønn, alder, bustad)
  • Spør om ein ting om gongen – konkrete spørsmål
  • «Forskaren» er som oftast ikkje til stades når brukaren fyller ut spørjeskjemaet. Skjemaet må difor vera enkelt å bruka, lett og forstå og lett og levera inn
  • Still ikkje leiande spørsmål

Lag ei kort innleiing som seier noko om kvifor dei vert spurt om å svara på desse spørsmåla
Hugs å takka for at dei deltek i undersøkinga

Ulike typar spørsmål

I eit spørjeskjema kan du nytta ulike typar spørsmål:

  • Multiple choice
    • Ulike svaralternativ som brukaren kan kryssa av for
  • Skalering
    • Bruk ein svarskala frå 1 -3 eller 1- 5 eller 1 – 7.

Ei innføring om korleis du kan laga eit spørjeskjema med microsoft Forms.

Analyse

Bruk gjerne excel i analysedelen. Dersom du har nytta Forms til innhenting av data får du svara direkte i Excel.

 

  • Reingjer dataene
    • sjå etter ugyldige svar
    • ufullstendige svar
  • Oppteljingar/beskrivande statistikk
    • Kor mange
    • Gjennomsnitt
    • Kva er det mest/minst av
    • Prosent andel (t.d. jenter/gutar)
  • Korleis framstilla resultata?
    • figurar (søyler, liner, kakediagram)
    • tabellar
Fordelar og ulemper

Fordelar med spørjeskjema:

  • Kan samla inn svar frå mange
  • Relativt billig å gjennomføra
  • Du får ein god oversikt over ei problemstilling
  • Krev ikkje spesialutstyr – enkelt å gjennomføra

Ulemper med spørjeskjema:

  • Går ikkje i dybden
  • Ikkje mogleg å stilla oppfølgingsspørsmål