Forskingsmetodar

Intervju

Ein metode for å forstå andre sine opplevingar og erfaringar

Intervju ein ein form for samtale mellom den som intervjuar og den som vert intervjua. Intervjuar lagar på førehand nokre spørsmål som han/ho er interessert i å vite andre sine tankar kring. Ein kan intervjue ansikt til ansikt eller over telefon, skype, messenger. 

På denne sida vert det presentert retningslinjer for etikk knytt til intervju, utforming av spørsmål, korleis ein førebur seg, gjennomføring av intervju og korleise ein analyserer intervju. 

gjennomføring
Etikk

Elevane skal reflektere over punkta under:

  • Set deg inn i situasjonen til den du intervjuar
  • Er det nokre spørsmål du ikkje hadde likt å bli stilt?
  • Ikkje spør spørsmål som er veldig private
  • Introduser deg sjølv og kvifor du ynskjer å gjere dette intervjuet
  • Be om tillating
  • Dersom du ynskjer å ta opp samtalen må du få tillating til dette også
Utforming av spørsmål

Spørsmåla bør vera utforma på ein måte som:

  • Er forståelege
  • Er konkrete
  • Er nøytrale og opne, altså ikkje leiiande spørsmål
  • Ikkje er for personlege
Førebuingar til intervjusituasjonen
  • Øv på spørsmåla
  • Finn fram alt utstyr du treng å ha med
  • Finn ein passande stad for utføring av intervjuet
  • Avtal tidspunkt
  • Samtykkeskjema
Intervjusituasjonen
  • Kroppsspråk
  • Ikkje avbryt
  • Oppfølgingsspørsmål
  • Skriv notatar undervegs eller etterpå
Analyse

Notata frå intervjua som elevane har utført skal no analyserast. Her les ein gjennom notata og leiter etter viktig informasjon. Vidare skal denne informasjonen kategoriserast. Informasjon om analyse finn du nederst i dokumentet om intervju.