Forskingsmetodar
FotostemmeFotografi og tekst som metode
Ved å nytta fotografering som metode i forsking kan ein få god innsikt i ei sak, sett frå fotografen sitt perspektiv. Elevane kan dela eigne erfaringar og kunnskap gjennom å ta bileter for så å diskutera og analysera dei. Her er det berre fantasien som set grenser for kva ein kan ta bileta av. Dersom ein ynskjer å ta bilete av personar må ein ta omsyn til personvern.
gjennomføring
Etikk og foto-vett
Elevane skal reflektera over punkta under:
- Set deg inn i situasjonen til den du tek bilete av, hadde du likt det?
- Vis respekt for personen du tek bilete av
- Be om tillating dersom du skal ta bilete av nokon
- Forklar kven du er og kvifor du skal ta bilete
- Kan dette bilete få nokre konsekvensar som ikkje var meiningen?
- Korleis kan dette bilete vera verdifult for dette prosjektet?
Planlegging
Kva skal me ta bileter med?
Korleis skal me få tak i det utstyret me treng?
Korleis skal me ta bileter som svarar på forskingsspørsmålet?
Kva ynksjer me at desse bileta skal fortelja eller opplysa om?
Kvar må me reisa for å ta bileta?
Er det nokre spesielle tidspunkt på dagen som er best eigna?
Fotografering
Ta bilete som svarar på forskingsspørsmålet
Analyse
I analysedelen av prosjektet skal elevane indivuduelt og i plenum reflektera over bileta dei har teke. Målet er her å gje meining til bileta, skriva ein liten tekst til kvart bilete og kategorisera dei i overordna tema. I støttematerielet finn du dømer på spørsmål som kan nyttast i refleksjonsdelen