gjennomføring

Forskingsmetodar

Spørjeundersøking, intervju og fotostemme

Elevane får sjølv velje mellom tre ulike måtar å samle informasjon til sitt forskingsprosjekt. Dersom klassen eller lærar kjenner til andre forskingsmetodar er det ikkje noko i vegen for å nytte desse. I del 3 av prosjektet får alle ein innføring i dei tre metodane: spørjeskjema, intervju og fotostemme. Når elevane har kome fram til kva dei ynskjer å gjere kan informasjonen på denne sida vera nyttig for å setje seg endå litt betre inn i korleis ein brukar den valde metoden.

Spørjeundersøking

Ved å nytte spørsjeskjema kan ein nå ut til mange personar samstundes. Denne metoden legg grunnlag for å lage oversiktar som til dømes viser prosent, frekvens og moglege samanhengar. Les meir om korleis ein brukar spørjeskjema ved å trykke her.

Intervju

Dersom ein ynskjer å forstå andre sine oppfattingar av ei sak eller erfaringar kan intervju vera ein nyttig metode. Dette føregår som ein slags samtale der ein stiller spørsmål som ein ynkjer å få svar på. Les meir om intervju ved å trykke her.

Fotostemme

Bileter kan fortelje ei histrie eller belyse eit tema frå perspektivet til fotografen. Navnet “fotostemme” kjem av at i tillegg til å ta bilete skal elevane skrive ein liten tekst som høyrer til bilete. Les meir om metoden ved å trykke her.