lærarressurs
FagfornyingaOverordna del i fagfornyinga
overordna del
Faga i skulen skal mellom anna fornyast for å få meir tid til dybdelæring og for å få betre samanheng i og mellom faga. I kategoriane under kan du lese meir om korleis Juniorforskarprosjektet kan passa inn i nokre av underpunkta i overordna del av fagfornyinga
1. Opplæringa sitt verdigrunnlag
Verdiane i opplæringslovas formålparagraf skal formidlast gjennom kunnskap, haldningsutvikling og kompetanse, der eleven sitt beste alltid skal vera eit grunnleggjande omsyn.
1.3 Kritisk tenking og etisk bevisstheit
Dette er ein av hovudelementa i forsking og vil vera noko elevane får innføring i og får erfara aktivt gjennom heile prosjektet. Etikk vil til dømes gjera seg gjeldane når ein skal velja tema og når ein skal samla, tolka og presentera informasjon. Kritisk tenking vil vera gjennomgåande når elevane skal reflektera kring kva type informasjon som kan svara på forskingsspørsmålet og kva denne informasjonen eigentleg kan sei oss noko om
1.4 Skaparglede, engasjement og utforskartrong.
Eit elevsentrert prosjekt med store moglegheiter for valfridom vil truleg fremja desse tinga. Det er eit mål for prosjektet å gje elevane opplevinga av at dei har evne til å produsera kunnskap og å skapa endringar i sine liv og i sitt miljø
1.6 Demokrati og medverknad
Elevane må gjennom demokratiske prosessar diskutera og verta einige i dei ulike delane i prosjektet. Dei må lytta til andre sine meiningar og argumentera dersom dei har andre forslag. Medverknad er grunnsteinen i Juniorforskarprosjektet der “dei unge stemmene” skal løftast fram og takast på alvor.
Rett til medverknad finn ein att i ulike konvensjonar og lovar, mellom anna i “Opplæringslova”
2. Prinsipp for læring, utvikling og danning
Opplæringa skal danna heile mennesket og gje alle moglegheit til å utvikla sine evner. Danning skjer gjennom kunnskap, innsikt, opplevingar og praktiske utfordringar.
2.1 Sosial læring og utvikling
Denne delen handlar mellom anna om å læra å uttrykka eigne meiningar, lytta til andre og å utvikla venskap. Dette kan ein legga til rette for gjennom å fremja eit inkluderande læringsmiljø og fellesskapande undervisning med fokus på elevmedverknad og samarbeid. Juniorforskarprosjektet handlar om å saman arbeida for å belysa og påverka saker som er viktige for elevane. Prosjektet legg opp til oppvarmingsøvingar som skal skapa fellesskap og gjera elevane meir trygge i å delta.
2.4 Å læra å læra
Elevane skal få moglegheit til å reflektera over eigen læring og eigne læringsprosessar, samt jobba sjølvstendig. Opplæringa skal mellom anna fremja meistringskjensle og motivasjon hjå eleven. Juniorforskarprosjektet er eit elevstyrt prosjekt der mykje av beslutningane vert tekne av dei. Elevane må også reflektera og diskutera kva som er mogleg å gjennomføra og korleis dei best set dette ut i praksis. Her er elevane aktive medbestemmarar i alle delane av prosjektet og dei får moglegheit til å fordjupa seg i noko som dei synest er interessant og viktig.
2.5 Tverrfaglege tema
“Folkehelse og livmeistring”, “demokrati og medborgarskap” og “bærekraftig utvikling” tek utgangpunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krev engasjement og innsats. Her skal elevane mellom anna forstå korleis kunnskap og samarbeid kan bidra til løysingar på ulike problem, på tvers av fag. Dette er noko av kjærnen i Juniorforskarprosjektet. Gjennom engasjerande aktivitetar og handling skal elevane utforska saker som angår dei og dei skal koma med forslag til løysingar. Kven av dei tverrfaglege temaa prosjektet vil hamna innanfor er avhengig av kva elevane ynskjer å forska på. Prosjektet er i seg sjølv eit helsefremjande tiltak som byggjer på demokratiske prosessar med ungdom som medforskarar.
3. Prinsipp for skulen sin praksis
Elevane skal møtast med tillit, respekt og krav, samt utfordringar som fremjar lærelyst. Gode læringsmiljø og tilpassa undervisning er viktig for å lukkast med dette.
3.1 Eit inkluderande læringsmiljø
Det må utviklast trygge læringsmiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle, der elevane skal medverka i læringsfellesskapet. Mangfald skal anerkjennast som ein ressurs der respektfull samhandling og samarbeid vektleggast. Kunnskapsutvikling i samarbeid med andre menneske lokalt, nasjonalt og internasjonalt kan gje elevane nyttige perspektiv.
Juniorforskarprosjektet er eit samarbeidsprosjekt der det gjennom øvingar og refleksjonar vert lagt opp til å oppdaga andre sine ressursar. Prosjektet har stor valfridom og det er ynskjeleg at alle skal få sjansen til å delta på områder som dei opplever at dei meistrar. Elevane kan ha ressursar som dei elles i skulesamanheng ikkje får moglegheit til å utøva. Prosjektet legg også til rette for kunnskapsutviling gjennom interaksjon med andre, både gjennom innhenting av informasjon og i den avsluttande formidlingsdelen.