Utforsk saker som du er oppteken av og lær metodar for å gjennomføra og formidla forsking.

kort fortald

Juniorforskar

I dette prosjektet skal elevane gjennomføre eit forskingsprosjekt innan eit tema dei interesserer seg for. Dei vert rettleia av vaksne støttespelarar og går gjennom dei ulike stega i ein forskingsprosess. Målet er å auka medverknad, læring og trivsel i skulen. Elevane skal gjennom dette prosjektet få moglegheit til å fremja sine funn og koma med forslag til løysingar.

Unge stemmer

Medverknad kan auke trivsel, ivareta ungdommar sin rett til å uttrykke seg i sakar som angår dei, og det kan bidra til motivasjon og betre læring. Medverknad gjev også innblikk i dei unge si verd, noko som kan bidra til at samfunnet betre kan møta ungdommar og deira behov.

om prosjektet

Ungdommane tileignar seg kunnskap og erfaring om korleis ein gjennomførar eit forskingsstudie og lærar seg metodar for innsamling og analyse av informasjon. Elevane lærar også korleis dei skal formidla funna dei har tileigna seg gjennom prosjektet og korleis dei kan prøva å påverka ei sak.

fagfornyinga

I overordna del av fagfornyninga står det: “Samfunnet og arbeidslivet endrar seg med ny teknologi, ny kunnskap og nye utfordringar. Me treng born og unge som reflekterar, er kritiske og kreative”. Prosjektet ynskjer å oppnå desse tinga gjennom å stimulera engasjement, deltaking og nysgjerrigheit.

Kvifor og korleis

Bakgrunn: Skulane i Hardanger og på Voss har gjennom ei tid hatt mykje fokus på trivsel, læring og tidleg innsats i skulen. No ynskjer skulane å involvera ungdom i utviklinga av skulen som ein god stad å vera og ein god stad å læra. Hensikta med å prøva ut Juniorforskarprosjektet i ein norsk kontekst kjem frå ein felles visjon hjå kommunane og forskarane om å stimulera ungdom sitt engasjement, deltaking og nysgjerrigheit.

Metode: Juniorforskarprosjektet er ei form for samfunnsbasert aksjonsforsking der unge vert trena opp til å identifisera og analysera sakar som er av betydning for dei.

Mål: Eit slikt prosjekt kan gje ei større oppleving av å blir høyrt som ung og gje meir meining og motivasjon for læring. Det er også ynskjeleg å fremja ei systematisk tilnærming til problemløysing og gode samarbeidsevner.